Friliste er ei liste over vareslag som ein kan importere utan omsyn til valutalisens eller kvotar. Uttrykket vart først brukt i 1950, då landa som var tilslutta OEEC (i dag OECD) vedtok å setje 50 % av den private importen frå andre Marshall-land på friliste. I dag er nesten all import i dei vesteuropeiske landa fri, bortsett frå landbruksprodukt og enkelte andre vareslag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg