Hopp til innhold
X
Innhald

Friluftslova

Friluftslova, lov av 1957 som inneheld reglar om publikum sin rett til ferdsel og anna form for friluftsliv på andre sin eigedom. Eit hovudskilje i friluftslova går mellom innmark og utmark.
Som innmark reknar ein gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått, kulturbeite, skogplantefelt m.m., samt andre område der vanleg ferdsel vil vere til fortrengsel for eigaren eller brukaren. Utmark er udyrka mark elles.
Direktoratet for naturforvaltning er rådgivar for departementet i saker under friluftslova, og skal arbeide for å fremje friluftslivet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012