Hopp til innhold
X
Innhald

Fristad

Fristad, nemning på visse byar der gjeldbundne personar kunne busetje seg og vere fritekne for gjeldsforfølging i ei viss tid, t.d. 10 år. Dette galdt mellom anna Fredrikstad etter privilegium av 1682. I Noreg vart fristader forbodne frå 1814 av. Å vere fristad kunne elles innebere dispensasjon frå kravet frå eineveldet om at alle borgarar skulle høyre til den evangelisk-lutherske religionen. Religiøse fristader var Fredrikstad (privilegium av 1682), byane i Finnmark (privilegium av 1789) og Tromsø (privilegium av 1794).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012