Hopp til innhold
X
Innhald

Fylke

Fylke, norsk regional forvaltningseining som fram til 1918 vart kalla amt. Noreg er delt inn i 19 fylke: Oslo, Akershus, Østfold, Vestfold, Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.
Fylka er einingar både for den regionale statlege forvaltninga, jamfør fylkesmann, og for det regionale kommunale sjølvstyret, jamfør fylkeskommune. Oslo og Akershus har likevel felles fylkesmann.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012