Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkeskommune

Fylkeskommunen er ei regional, administrativ og politisk eining som vert styrt av folkevalde representantar innanfor eit fylke. Alle norske fylke har ein fylkeskommune. Oslo har ei særstilling, sidan byen er både fylke og kommune

Det er tre nivå i offentleg forvaltning i Noreg: stat, fylkeskommune og kommune. Fylket er det mellomste forvaltningsnivået, og vi har 19 fylke i Noreg. Svalbard og Jan Mayen er verken kommuner eller fylke, og Oslo er både fylke og kommune.

Fylkeskommunane er geografisk avgrensa og varierer svært mykje i storleik og innbyggjartal. Finnmark fylke har størst areal, men lågast folketal.

Historie

Fylka i Noreg har røter tilbake til mellomalderen. Lokale område hadde eigne lover og eige styre. Viktige avgjerder vart tekne på fylkestinga. Fylka vart brukte som reiskap for kongen, og leiaren av eit fylke vart kalla lendmann. Lendmennene var rådgivarar i riksstyret i Noreg. I 1303 vart ordninga med lendmenn avvikla, og vi fekk syssel i staden. «Fylka» heitte no len, og vart leidde av ein lensmann eller lensherre. I 1662 vart namnet len bytt ut med amt. Lensmannen var framleis den lokale representanten for kongsmakta, men namnet vart endra til amtmann. I 1690 var det 15 amt i Noreg, og i 1866 var det 20 – to av dei var byamt: Bergen og Kristiania (i dag Oslo). Namnet fylke slik vi kjenner det i dag, kom først i 1918.

FYLKESKOMMUNE grense Sør Trøndelag og Oppland foto Eirik Yven CC BY SA 3.jpg?w=600

Foto: Eirik Yven CC BY SA 3.0

Då Bergen i 1972 gjekk inn i Hordaland, vart talet på fylke 19, som no.

Grunnlova nemner ikkje noko om fylkeskommunen, men gjennom formannskapslovene i 1837 fekk vi eit formelt lokalt sjølvstyre i Noreg. Amtskommunen vart då innført, forløparen til fylkeskommunane. Fylkeskommunen er eit mellomnivå mellom den lokale kommunen og den sentrale staten.

Før 1974 var det ikkje direkte val av representantar til fylkestinget. Dei vart peika ut av dei lokale kommunestyra. Frå og med 1975 vert fylkestinga valde ved direkte val, og fylkeskommunen har fått eigne skatteinntekter.

I 1975 vart også Fylkesmannen skild ut frå fylkeskommunen. Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og er såleis ikkje lenger ein del av fylkeskommunen.

Regionalt forvaltningsnivå.jpg?w=600

Talet på regionale forvaltningsnivå i Noreg frå 1671 t.o.m. dei vedtaka som er gjort i fylkestinga om samanslåingar i 2020. Illustrasjon: Per Magnus Finnanger Sandsmark/ Allkunne.no

Styring av fylkeskommunen

Fylkestinget er det øvste organet i fylkeskommunen. Medlemmene i fylkestinget er politikarar som er valde for fire år om gongen. Det er fylkestingsval samstundes med kommunevala.

Organa i fylkeskommunen liknar på dei kommunale, med fylkesting, fylkesutval og fylkesordførar, den sistnemnde er den øvste av dei folkevalde i fylkeskommunen. Leiaren for administrasjonen i fylkeskommunen vert kalla fylkesrådmann. Nokre fylkeskommunar har parlamentarisk styreform og har dermed ei slags «regjering», fylkesrådet.

FYLKESKOMMUNE avrøysting i fylkestinget i Finnmark Kari Bjørkli Thomassen Finnmark fylkeskommune CC BY SA 3

Avrøysting i fylkestinget i Finnmark. Foto: Kari Bjørkli Thomassen, Finnmark fylkeskommune CC BY SA 3.0

Kvart fylke er òg valdistrikt for Stortinget. Storleiken og innbyggjartalet avgjer kor mange representantar kvart fylke har på Stortinget. Inne i stortingssalen sit representantane fylkesvis, ikkje etter parti.

Oppgåver

Fylkeskommunen har vore ein viktig aktør i norsk regionalpolitikk, som ligg mellom det statlege og det lokale nivået. Slik er det òg i ei rekkje andre land. Om ein ser på europeisk historie, har sterke, og delvis autonome, regionar vore endå viktigare enn nasjonalstaten.

Som mellomnivå i offentleg forvaltning hadde fylkeskommunen få oppgåver før 1950-åra. Sidan har fleire reformer gitt fylkeskommunen meir ansvar og lovpålagde oppgåver, men dei siste femten åra har oppgåvene igjen vorte færre. Vi kan seie at fylkeskommunen skal løyse oppgåver som kommunane er for små til.

FYLKESKOMMUNE tannlege foto Hordaland fylkeskommune CC BY SA 3

Fylkeskommunen har ansvaret for tannhelsetenesta. Foto: Hordaland fylkeskommune CC BY SA 3.0

Fylkeskommunen har i dag ansvar for fylkesvegar, vidaregåande opplæring, kollektivtrafikk, folkehelse, tannhelse, kulturminnevern, kulturarbeid, regional utvikling og forvaltning av areal. Fram til 2002 hadde fylket òg ansvar for sjukehusa og spesialisthelsetenesta, men no ligg desse områda direkte under staten. Vidaregåande opplæring er den klart største utgiftsposten for fylkeskommunen.

Oppgåvene til fylkeskommunane var særleg mange i 1970-åra, men seinare har fleire reformer overført ansvar og oppgåver både til kommunane og til staten. Somme politiske parti meiner difor at fylkeskommunen er unødvendig. Både Framstegspartiet og Høgre har programfesta at dei ønskjer å leggje ned fylket som regionalt forvaltningsnivå og fordele dei fylkeskommunale oppgåvene mellom staten og kommunane.

I samband med regionreforma frå 2020 har regjeringa føreslått å flytte fleire oppgåver til det regionale forvaltningsnivået. Dette gjeld blant anna drift, tilskot og organisering av flyruter på kortbanenettet, næringsutvikling, kultur, friluftsliv, kulturminnevern og integrering.

Regionreform

Stortingsfleirtalet vedtok i 2016 at dei skulle gjennomføre ei regionreform i Noreg. Reforma har som mål å flytte oppgåver frå det statlege forvaltningsnivået til regionane. Dette har som føresetnad at talet på fylke vert redusert. Seinare same året vedtok Stortinget, etter framlegg frå fylkestinga, at Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag blir slått saman frå 1.1.2018. Aust-Agder og Vest-Agder søkte hausten 2016 om å slå seg saman frå 1.1.2020. Våren 2017 søker Sogn og Fjordane og Hordaland om det same. Med dei vedtaka vil talet på fylke bli redusert frå 19 i 2017 til 16 i 2020.

Ei avtale mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre februar 2017 inneber vedtak om å redusere frå 19 fylke til 10–11 regionar. I tillegg til dei vedtaka som allereie er gjort ønskjer dei fire borgarlege partia å slå saman Østfold, Buskerud og Akershus til ein ny region, Telemark og Vestfold til ein annan og Oppland og Hedmark til ein ny innlandsregion. I tillegg vil dei greie ut om Nord-Noreg skal vere éin eller to regionar.

Kjelder

Harald Baldersheim (red.): Kan fylkeskommunen fornyast? Oslo 1998

Dag Jukvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999

Sture Kvarv: Forvaltning og samfunnsendring. En innføring i offentlig forvaltning. Oslo 1998

Camilla B. Strand: «Fylkeskommunen under press», Samfunnsspeilet nr. 3/2000, Statistisk Sentralbyrå

Karin Ibenholt ofl.: Fylkeskommunen som regional kulturminnemyndighet. Rapport frå Vista Analyse, 2012: http://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/175649/Fylkeskommunen_som_regional_Vistarapport_2012_24.pdf?sequence=1&isAllowed=y [lesedato 30.4.2014]

Einar Leknes og Brita Gjerstad: Forvaltningsreforma og fylkesvegansvaret: Maktfordeling, styringsdialog og samhandling. Rapport frå International Research Institute of Stavanger, 2013: http://gammelweb.iris.no/internet/student.nsf/199f312efd2a0cacc125680e00635b85/bf882c40e69d8a17c1257b280051d58b/$FILE/IRIS%202013-014%20Forvaltingsreforma%20og%20fylkesvegansvaret.pdf [lesedato 30.4.2014]

Statistisk sentralbyrå: «Fylkeskommuneregnskap, 2014»:http://www.ssb.no/offentlig-sektor/statistikker/kommregnfy/aar-forelopige/2015-03-16#content[lesedato 30.4.2014]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Først publisert: 11.08.2015
Sist oppdatert: 20.05.2019