Hopp til innhold
X
Innhald

Genteknologilova

Genteknologilova, lov av 1993 som har som føremål å sikre at moderne bioteknologi blir utnytta til felles beste i pakt med etiske verdiar i samfunnet. Lova skal vidare sikre ein forsvarleg balanse mellom dei utnyttingsmoglegheitene som finst, og dei avgrensingane som er nødvendige med omsyn til helse og miljø. Genteknologilova regulerer mellom anna bruken av genmodifiserte organismar (til dømes planter og dyr som har fått den genetiske samansetninga endra ved gen- eller celleteknologi).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012