Hopp til innhold
X
Innhald

Grunnlova

Som ei av dei eldste grunnlovene i verda set den norske grunnlova opp reglar for korleis staten skal fungere. Grunnlova vart skriven i 1814, som eit resultat av det internasjonale stormaktspelet på 1700- og 1800-talet, og innhaldet er sterkt prega av denne særs hendingsrike og politisk viktige tidsperioden.

Frå Grunnlova vart vedteken i 1814 og fram til moderne tid har det skjedd store endringar, både i samfunnet og i Grunnlova sjølv. Før dei nyaste endringane i mai 2014 har Grunnlova vore endra over 300 gonger, den første gongen allereie i 1816. Ei endring av Grunnlova kan vere alt frå mindre språklege endringar og rettingar av skrivefeil til oppheving eller vedtaking av nye føresegner. Opphavleg inneheldt Grunnlova 110 paragrafar, og 23 av dei har ikkje vore endra sidan 1814. I dag er det 108 paragrafar i Grunnlova. Fleire av dei opphavlege føresegnene har vorte oppheva med tida, men det har òg kome nye føresegner til, ein del av dei i nyare tid.

Oppheving og vedtak av nye føresegner er eit dynamisk trekk ved Grunnlova, men samstundes set lova i § 112 sjølv grenser for kor raskt ho kan endrast. Framlegg til endringar må leggjast fram for Stortinget ved første, andre eller tredje storting i ein valperiode og må vedtakast med 2/3 fleirtal og med minst 2/3 av stortingsrepresentantane til stades i salen. Først i de påfølgjande valperioden kan dei nyvalde stortingsrepresentantane, igjen i eit av dei tre første stortinga, endeleg stadfeste endringa gjennom ei ny votering. At endringane må skje over ein lengre tidsperiode enn ved vanleg lovgiving, syner statusen til Grunnlova samanlikna med andre lover, og gir eit større drøftingsrom for i kva grad endringane er ønskjelege eller ikkje.

Sjølv om Grunnlova i 1814 berre gav røysterett til ein avgrensa krins av menn, har ho like fullt vore ein sentral del av det demokratiske grunnlaget staten Noreg er bygd på. Folkesuverenitetsprinsippet og maktfordelingsprinsippet er viktige delar av rammeverket for Grunnlova. Vidare stadfestar Grunnlova sentrale rettar som legalitetsprinsippet, at ingen skal kunne dømmast utan etter lov, ytringsfridom og mange fleire. Desse rettane er òg ein del av kjernen i dei moderne menneskerettane.

(Artikkelen held fram under fotoet)

Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND

Trykk på fotoet for å sjå heile den originale Grunnlova (10 Mb pdf). Bilete: Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND.

Konstitusjon

Ein konstitusjon eller ei statsforfatning er eit regelsett som utgjer fundamentet for staten. Konstitusjonen kan ha form som ei grunnlov åleine eller ei grunnlov saman med andre skrivne eller uskrivne reglar. I somme land er konstitusjonen ei (meir eller mindre klar) samling av ulike skrivne og uskrivne reglar. Til dømes er konstitusjonen i England vorten til over tid som ei samling av skrivne reglar, dommar, traktatar og uskriven rett som vert kalla konstitusjonell sedvane. Det å ha ei grunnlov er dermed ikkje ein føresetnad for korkje å ha ein konstitusjon eller å danne ein stat.

Når det gjeld den norske Grunnlova si plassering i den inndelinga som er nemnd ovanfor, er det ei oppfatning at det i norsk rett finst normer av same rang som konstitusjonell sedvanerett, og at dette utgjer ein del av den norske konstitusjonen i tillegg til Grunnlova. Eit døme er parlamentarismen, som var ein ikkje-lovfesta del av norsk statsrett frå slutten av 1800-talet, og som først i 2007 vart teken inn i Grunnlova, i § 15. Høgsteretts prøvingsrett er eit anna døme på ei norm med same rang, men som framleis ikkje er grunnlovsfesta.

Konstitusjonen har oftast ei særstilling i lovverket i eit land, vanlegvis på den måten at seinare vedtekne lover ikkje må vere i strid med konstitusjonen. I norsk juridisk metode kjem dette til uttrykk ved at ein legg til grunn at lovføresegner som er i strid med Grunnlova, ikkje vert rekna som gjeldande rett. Høgsterett kan vurdere om ei føresegn er grunnlovsstridig. Det er dette som vert kalla Høgsteretts prøvingsrett. Vidare er prosessen med å endre ei grunnlovsføresegn langt meir omstendeleg enn prosessen kring vedtaking eller endring av vanlege lover.

At utforminga av konstitusjonen er ulik i ulike land, har oftast samanheng med det rettssystemet landet har elles. Dei mest kjende rettssystema i europeisk rett er dei som på engelsk heiter Common Law og Civil Law. Engelsk rett høyrer til den førstnemnde typen, og eit kjenneteikn er utstrekt bruk av uskriven rett, i hovudsak tidlegare dommar, i arbeidet med å løyse rettsspørsmål. Fransk rett er meir typisk Civil Law, der ein i stor utstrekning er forplikta til å nytte og følgje reglar som er gitt i lovs form, eit ideal som har sine røter i revolusjonane på slutten av 1700-talet.

I norsk rett er hovudregelen at retten først skal undersøkje lover, samstundes som (med nokre unntak) også tidlegare dommar vert brukte når ei sak skal avgjerast. Dette plasserer norsk rett i ei mellomstilling.

Andre faktorar som verkar inn på utforminga av konstitusjonen, er mellom anna tidsperioden han vart skriven i, om han vart skriven som eit samla dokument (i form av ei grunnlov), og eventuelt kva tid han vart modernisert. Difor dekkjer nokre konstitusjonar eit breiare felt av rettsområde, medan andre er kortare og tek med berre meir prinsipielle spørsmål. Ofte vil konstitusjonen stadfeste sentrale rettar, til dømes borgaren sine rettar og plikter overfor staten, og i seinare tid også menneskerettar, eit område der det har skjedd store endringar frå 1700-talet og fram til i dag.

Tida før 1814

Nokre sentrale menneskerettar vart grunnlovsfesta allereie i 1814. Grunnlaget var at dei som utforma Grunnlova, bygde både på den amerikanske og dei franske grunnlovene (særleg den frå 1791) frå slutten av 1700-talet. Samstundes hadde dei god kjennskap til den store mengda av statsrettsleg litteratur som vart publisert i den same perioden. Dette var litteratur som drøfta sentrale rettsstatsprinsipp, til dømes maktfordelingsprinsippet og folkesuverenitetsprinsippet. Det var ikkje alle lærde og statsleiarar som såg på desse bidraga som kjærkomne i den noko avgrensa offentlege debatten.

Eineveldet stod sterkt som regjeringsform, og store delar av innbyggjarane i Europa var liveigne og vart sedde på som ufrie personar i samfunnet. At «folket» skulle ta del i, eller i det heile kunne påverke statsstyringa, var nærmast utenkjeleg for dei fleste som høyrde til dei øvste sosiale laga i samfunnet.

Samstundes vart de L'Esprit des Lois (Ånda i lovene), av den franske tenkjaren Montesquieu, eit av dei mest populære verka i på denne tida. Verket vart første gongen utgitt i 1748. Det fekk stor utbreiing og påverka europeisk statsliv i stor grad dei komande åra, saman med skrifter av fleire andre teoretikarar. Noko av det Montesquieu argumenterte for, var maktfordelingsprinsippet. I eineveldige statar rådde kongen over alle funksjonar i staten, medan Montesquieu i staden argumenterte for at den lovgivande, den dømmande og den utøvande makta skulle vere uavhengige av kvarandre, og at dei skulle kontrollere kvarandre for å sikre ei best mogleg utøving av den statlege makta.

Korleis kontrollen skal gå føre seg, vert ofte regulert i konstitusjonen, og vi finn tydelege spor av denne tankegangen i den norske grunnlova. Samstundes var det ikkje sjølvsagt at «folket» i demokratisk forstand skulle ta del i statsstyringa, ifølgje Montesquieu, og det er heller ikkje klart at dette var oppfatninga til ein annan av dei franske tenkjarane, Rousseau. Om lag samtidig som Montesquieu synte Rousseau til at legitim statsmakt gjekk ut frå folket, det såkalla folkesuverenitetsprinsippet, som er tett knytt til samfunnspakta og vidare teorien om allmennviljen. Gjennom dei lærde si lesing og tolking av skriftene til Montesquieu og Rousseau vart maktfordelingsprinsippet og folkesuverenitetsprinsippet vesentlege innslag i Grunnlova frå 1814.

Første del av 1800-talet var prega av napoleonskrigane, ei rekkje konfliktar som påverka store delar av Europa fram til 1815. Hovudaktøren var Frankrike, med Napoleon Bonaparte i leiinga. Han hadde store visjonar, og konfliktane førte til eit storpolitisk spel som resulterte i fleire store endringar i Nord-Europa.

Danmark-Noreg, som i utgangspunktet ville vere nøytralt, vart i byrjinga mest påverka av konfliktane ved at handelen vart hindra, særleg var tilgangen til korn vanskeleg. Etter kvart som konflikten mellom Storbritannia og Frankrike tilspissa seg, måtte også Danmark-Noreg velje side, og enda opp med å støtte Napoleon. Det skjedde etter flåteranet i 1807, der britiske styrkar gjekk til åtak på København og tok med seg den dansk-norsk krigsflåten.

Konflikten heldt fram til Napoleon leid sitt endelege nederlag i 1815, men allereie i januar 1814 stod det klart for kong Fredrik 6. av Danmark-Noreg at han var på den tapande sida av krigen. Det vart innleidd fredsforhandlingar i Kiel mellom Sverige og Storbritannia på den eine sida og Danmark-Noreg på den andre. Eit av punkta kong Fredrik aksepterte ved å signere Kieltraktaten 14. januar 1814, var at kongedømet Noreg skulle gå i union med Sverige. Skilnaden frå den tidlegare unionen, der Noreg var ein del av heilstaten Danmark-Noreg, var at Noreg frå 1814 fungerte som ein separat stat i union med Sverige, der kongemakta og utanrikstenesta var felles.

Arbeidet i riksforsamlinga

Då følgjene av Kielfreden vart kjende i Noreg, førte det til ei storstilt mobilisering i regi av statthaldar Kristian Fredrik, fetteren til danskekongen. Sjølv om delar av Kieltraktaten vart offentleg kjend i Noreg kort tid etter signeringa, greidde han lenge å halde nyhenda kring avståinga skjult gjennom aktivt å stoppe post og kommunikasjon som kunne formidle det som hadde skjedd. Det fulle innhaldet av Kieltraktaten vart først gjort kjent 10. mars. Kristian Fredrik arbeidde i mellomtida for å sikre eit anna utfall enn det som var resultatet av Kielfreden.

16. februar samla han 21 leiande norske menn til notabelmøtet på Eidsvoll, og der vart det avgjort at det skulle kallast inn til ei riksforsamling som skulle drøfte og vedta ei grunnlov.

Instruksane for valet av representantar vart raskt kommuniserte over heile landet. Bønder, brukseigarar, embetsmenn og borgarar som hadde fylt 25 år, kunne veljast. Valet var todelt: 25. februar skulle prestegjelda velje ut valmenn, som igjen skulle møte saman med dei andre valmennene i fylket (på denne tida kalla amt). På fylkesmøtet skulle dei velje ut kven av dei som skulle vere fylket sine representantar i riksforsamlinga. Vidare skulle dei militære distrikta velje valmenn, som igjen på eit overordna møte mellom valmennene skulle velje ein offiser og ein soldat som skulle vere med i riksforsamlinga. På denne måten vart 112 menn valde til utsendingar til riksforsamlinga. Dei møtte på Eidsvoll 10. april 1814.

(Artikkelen held fram under fotoet)

Foto: «Eidsvoll 1814», måleri av Oscar Wergeland (1885). Foto © Stortingsarkivet/ Teigens fotoatelier as, flickr.com CC BY-ND 2.0

Foto: «Eidsvoll 1814», måleri av Oscar Wergeland (1885). Foto © Stortingsarkivet/ Teigens fotoatelier as, flickr.com CC BY-ND 2.0

Fram til riksforsamlinga vart oppløyst 20. mai skulle desse 112 utsendingane arbeide og drøfte seg fram til det som skulle verte ei norsk grunnlov. Arbeidet var prega av at dei mange utsendingane var svært ulike, både når det galdt kompetanse og meiningar. Likevel greidde dei å drøfte seg fram til ei grunnlov på svært kort tid.

Allereie 12. april vart den første konstitusjonskomiteen vald. I denne komiteen sat 15 menn, og i løpet av nokre få dagar utarbeidde dei elleve grunnsetningar som skulle vere utgangspunkt for dei vidare drøftingane. Desse grunnsetningane vart tekne opp i den samla riksforsamlinga, og drøftinga resulterte i at ti av grunnsetningane vart vedtekne, ei med endringar, medan grunnsetninga som galdt allmenn verneplikt, vart send attende med fleire merknadar, då dette var ei omstridd sak. Etter dette arbeidde konstitusjonskomiteen med å formulere ei fullstendig grunnlov.

I arbeidet med Grunnlova nytta dei eiga erfaring, men dei såg òg til dei mange grunnlovsutkasta som vart laga i tida før riksforsamlinga. Det mest kjende av dei knappe 30 utkasta som vi i dag kjenner til, er det Adler-Falsenske utkastet. Det var skrive av lektor Johan Gunder Adler og sorenskrivar Christian Magnus Falsen. Den sistnemnde fungerte som leiar av konstitusjonskomiteen. Utkastet deira, saman med nokre andre utkast, utgjorde eit viktig inspirasjonsgrunnlag for komiteen.

Arbeidet var ferdig 4. mai, og riksforsamlinga vart samla for å røyste over dei grunnlovsreglane som konstitusjonskomiteen hadde utarbeidd. I løpet av ei veke drøfta dei seg gjennom 110 paragrafar, og nokre av dei førte til meir debatt enn andre. Her kan vi mellom anna nemne § 2, om at jødar ikkje skulle ha tilgang til riket, § 107, der odelsretten vart grunnlovsfesta, og § 109, som slo fast at det skulle vere allmenn verneplikt for menn. Denne paragrafen vart likevel ikkje fullstendig innført før i 1897.

Etter at Grunnlova var vedteken, stod det att å velje konge, noko som truleg var hovudføremålet til Kristian Fredrik då han arbeidde for å få innkalla ei riksforsamling. Kongevalet var ikkje uproblematisk, sidan det var to fraksjonar blant deltakarane: dei som ville arbeide for eit sjølvstendig rike, og dei som ønskte å gå i union med Sverige. Samstundes måtte ein ta omsyn til situasjonen i Europa. Arbeidet i riksforsamlinga var knapt nok kjent ute i Europa, og svenskekongen hadde, med stormaktene i ryggen, fått lovnad om Noreg gjennom Kieltraktaten. Dette hadde òg prega forhandlingane om innhaldet i Grunnlova, men den endelege avgjerda kring dette spørsmålet var at kongevalet skulle haldast 17. mai 1814. Kristian Fredrik vart med stort fleirtal vald til konge av Noreg. 20. mai signerte utsendingane protokollen, og riksforsamlinga vart formelt oppløyst.

Det følgjande halve året fungerte Kristian Fredrik som konge i Noreg, men han var under stort press. I kraft av Kieltraktaten gjorde Sverige framleis krav på Noreg, og etter at det vart gjennomført nokre forhandlingar som ikkje førte fram, gjekk svenske hærstyrkar til åtak på Noreg sommaren 1814.

Krigen vart kortvarig, sidan dei svenske styrkane var overlegne, og 14. august vart Mossekonvensjonen signert. Denne konvensjonen slo fast at Kristian Fredrik skulle overlate makta til regjeringa, og Stortinget skulle innkallast for å vedta dei endringane i Grunnlova som var nødvendige for å gå inn i ein personalunionen med Sverige. På ny vart det gjennomført val i Noreg, denne gongen eit stortingsval. Representantane kom saman 7. oktober, og 10. oktober sa Kristian Fredrik frå seg kongemakta og reiste attende til Danmark. Stortinget arbeidde så med endringane av Grunnlova, og 4. november 1814 vart endringane vedtekne. Det vart altså vedteke to grunnlover i 1814: maigrunnlova og novembergrunnlova.

Kort om Grunnlova frå 1814 og fram til i dag

Grunnlova var opphavleg og er framleis delt inn i fem kapittel. Inndelinga, og særleg titlane på kapitla B, C og D, syner klart at maktfordelingsprinsippet si tredeling mellom utøvande, lovgivande og dømmande makt var viktig for grunnlovsfedrane. Vidare syner den første paragrafen i kapittel C, om den lovgivande makta, klart til folkesuverenitetsprinsippet ved å stadfeste at «Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget.» Dette utgjer ein del av rammeverket for Grunnlova, og kan vanskeleg endrast utan å kome i strid med den tidlegare § 112, som seier at endringar ikkje skal «stri mot prinsippa i denne grunnlova» eller endre «ånda i denne konstitusjonen». Dette syner noko av særpreget til ei grunnlov. Samstundes som lova er eit juridisk dokument, skal ho òg regulere politiske funksjonar i samfunnet. Men ho skal ikkje representere skiftande politiske oppfatningar. I staden skal ho vere eit resultat av endringar i samfunnsoppfatninga som skjer over lang tid.

Det å modernisere eller utarbeide nye konstitusjonar er langt vanlegare enn å halde på eldre konstitusjonar, slik det er gjort i mellom anna USA og Noreg. Samstundes er det eit viktig poeng at den norske grunnlova har vorte endra ein heil del sidan 1814. Det vert hevda at om lag 3/4 av føresegnene er endra minst éin gong, og at endringsfrekvensen har auka i seinare tid. I tillegg er somme føresegner fjerna, medan andre er komne til.

Opphavleg var det 110 paragrafar i Grunnlova, men allereie i novembergrunnlova kom det to nye paragrafar, som var nødvendige i samband med unionen med Sverige. I 2014 er det 108 paragrafar. Sentrale endringar gjeld til dømes røysteretten. Dei som kunne utgjere «folket», jf. § 49, var lenge avgrensa til å vere menn frå dei øvre sosiale laga, samstundes som dei måtte vere fylt 25 år, jf. § 50. Vegen fram mot allmenn røysterett tidleg på 1900-talet gjorde at paragrafen vart endra mange gonger. Det same galdt føresegnene som regulerte vilkåra for suspensjon og tap av røysterett (§§ 52 og 53), ofte nytta for å hindre at personar frå dei lågare sosiale laga skulle få høve til røyste.

Den såkalla jødeparagrafen, som allereie i 1814 var svært omdiskutert, vart oppheva i 1854, medan forbodet mot jesuittar og munkeordenar ikkje vart fjerna før i 1956. Eit anna poeng er at språket gjekk igjennom ei kraftig modernisering i 1903, med ei språknorm som også seinare grunnlovsendringar har følgt.

Grunnlovsteksten som vi las og nytta fram til 2014, var dermed ikkje heilt den same som vart skriven i 1814, sjølv om store delar av rammeverket var det same. Dette vart ofte nytta som eit argument i oppgjeret med den såkalla grunnlovskonservatismen og motstanden mot ei fornying av Grunnlova.

(Artikkelen held fram under videoen)


Video (berre lyd): Høyr radiodokumentar om Grunnlova frå NRK Skole: «Vi pusser opp Grunnloven vår» (sendt 21.mars 2012):

Grunnlova i 2014

I løpet av våren 2014 vart Grunnlova 200 år gamal, og i samband med jubileet vart det halde fleire arrangement. Men det vart òg ein ny debatt kring sjølve Grunnlova. Då lova språkleg sett heilt fram til 2014 har vore utforma etter 1903-rettskrivinga, var det mange som oppfatta henne som språkleg utdatert. Innhaldet var òg mykje prega av å vere skrive på 1800-talet, særleg verka det som om kongen hadde langt større makt i samfunnet enn det som er realiteten i dag.

Debatten resulterte i at fleire utval drøfta seg fram til utkast til språkleg revisjon av Grunnlova, mellom anna også ein versjon på nynorsk. Den politiske behandlinga av desse forslaga gjekk føre seg over fleire år, og utfallet av drøftingane var lenge uvisst. 6. mai 2014 vedtok Stortinget å modernisere språket i Grunnlova, og vidare at den nynorske versjonen skulle likestillast med den moderniserte bokmålsversjonen. Dette gjer at vi 200 år etter at den opphavlege Grunnlova vart vedteken, også kan feire at vi har fått ein nynorskversjon av Grunnlova.

Kjelder

Eli Fure (red.): Eidsvoll og 1814. Oslo 1989

Eirik Holmøyvik: Maktfordeling og 1814. Bergen 2012

Eirik Holmøyvik (red.): Tolkingar av Grunnlova. Oslo 2013

Nettsida til «Eidsvoll 1814»: http://www.eidsvoll1814.no/ [lesedato 13.5.2014]

Nettsida til Stortinget: https://www.stortinget.no/ [lesedato 13.5.2014]

Nettsida til Lovdata: http://lovdata.no/artikkel/endringer_i_grunnloven/1383 [lesedato 13.5.2014]

Nettsida til Lovdata: http://lovdata.no/dokument/NL/lov/1814-05-17-nn [lesedato 14.5.2014]

Peikarar

På nettsida til prosjektet Constitute er knappe 200 av grunnlovene i verda samla. Der kan ein samanlikne dei i sin heilskap, eller etter særskilte emne

Grunnlova

Grunnlovsjubileet 1814–2014

Endringar i Grunnlova 1814 til i dag

Eidsvoll 1814

Stortinget: Grunnloven 1814–2014

Stortinget: Om Grunnlova

Stortinget: Jubileumsutstilling om Grunnlova

Stortinget: Språkleg fornying av Grunnlova og nynorsk versjon av Grunnlova

Grunnlova i ulike utgåver jubileumsnettsida til Lovdata

Diskusjon og røysting på Stortinget 6. mai 2014 om fornying av Grunnlova og Grunnlova på nynorsk, Stortingets videoarkiv

Filmar på NRK Skole om Grunnlova

Først publisert: 15.05.2014
Sist oppdatert: 16.05.2018