Hopp til innhold
X
Innhald

Grunnpensjon

Grunnpensjon, beløp ein har rett til i folketrygda dersom ein har betalt trygdepremie samanlagt i minst tre år etter fylte 16 og før fylte 67 år. Full grunnpensjon utgjer som hovudregel grunnbeløpet (G), og det blir ytt til den som har betalt trygdepremie i minst 40 år. For den som har betalt trygdepremie i kortare tid, skjer det ei avkorting etter forholda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012