Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsflagg

Handelsflagg eller koffardiflagg, det nasjonalflagget som blir ført av handelsflåten til eit land. På ope hav har etter folkeretten ingen stat rett til å utøve mynde over skip som fører flagget til ein annan, men det må vere reell tilknyting mellom skipet og flagget.
Berre norske skip har rett til å føre norsk flagg. På dei blir eige handelsflagg heisa akter på flaggstonga eller under gaffelen, medan framandt handelsflagg til vanleg blir heisa på fortoppen, og på stortoppen når det framande landet har festdag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012