Hopp til innhold
X
Innhald

Inhabilitet

Inhabilitet eller ugildskap, juridisk nemning for at ein domar eller forvaltningstenestemann på grunn av forholdet sitt til ei sak eller partane i henne, blir avskoren frå å medverke ved avgjerda av denne. Som generell regel gjeld det også at ein er inhabil dersom det ligg føre særeigne forhold som er eigna til å svekkje tilliten til at vedkomande er upartisk. Jamfør elles domstollova og forvaltningslova.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012