Hopp til innhold
X
Innhald

Kemner

Kemner (av latin camera, ’(skatt)kammer’), eldre nemning på den kommunale tenestemannen i byane som hadde ansvaret for å krevje inn skattar og gjere utbetalingar etter tilvising. I nyare tid har omgrepet også vorte brukt om tilsvarande stilling i herads- og fylkeskommunane. Kommunekasserar og fylkeskasserar er meir vanlege namn i dag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012