Hopp til innhold
X
Innhald

Kjøpstad

Kjøpstad (av norrønt kaupstaðr), marknadsplass, og seinare by med visse privilegium (einerett til å drive handel). Byar med færre privilegium vart kalla ladestader. Oppdelinga av landet i særlege kjøpstads- og landdistrikt ved stortingsval («bondeparagrafen») vart oppheva i 1952.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012