Hopp til innhold

Kommune

Ein kommune er ei lokal, administrativ og politisk eining som vert styrt av folkevalde representantar. Kommunane har ei rekkje lovpålagde oppgåver. Noreg har i dag (2015) 428 kommunar, men talet har endra seg fleire gonger.

Det er tre nivå i offentleg forvaltning i Noreg: stat, fylkeskommune og kommune. Kommunen er det lågaste forvaltningsnivået. Ein kommune er geografisk avgrensa og varierer svært mykje i storleik og innbyggjartal. Oslo er den mest folkerike kommunen i Noreg, med 628 719 innbyggjarar (2015), og Utsira er den minste, med 211 innbyggjarar. Den største kommunen i areal er Kautokeino, med 9707 km², noko som tilsvarer ein firedel av Danmark.

Frå prestegjeld til kommune

Grunnlova av 1814 nemner ikkje noko om kommunane, men norske kommunar fekk eit avgrensa, formelt sjølvstende i 1837 gjennom formannskapslovene. Før 1837 fanst det lokalstyre, men med varierande struktur og praksis. Det fanst ikkje noko kommunebudsjett eller statleg kontroll med kommunane. Fleire byar hadde borgarmøte og komitear utan formell status, og i somme byar valde borgarane formenn. På bygdene fanst det òg komitear og sokneselskap, utan at oppgåvene til desse lokale institusjonane var formelt fastsette. Lokalstyret i Noreg var på denne tida uorganisert og uoversiktleg.

Demokratiseringsprosessen som hadde teke eit stort steg på Eidsvoll i 1814, tok eit vidare steg med formannskapslovene. Med desse lovene fekk kommunane no eit visst lokalt sjølvstyre innanfor klare rammer. Den geografiske inndelinga av kommunane tok utgangspunkt i den kyrkjelege inndelinga i prestegjeld. Frå 1837 og dei neste 150 åra var det eit skilje mellom landkommunar, som heitte herad, og bykommunar. Noreg hadde då 37 byar og 355 herad, til saman 392 kommunar.

Kommunar i Noreg.jpg?w=600

Endring av talet på kommunar i Noreg frå 1838 til og med gjennomføringa av kommunereforma 1.1.2020. Det vil vere første gongen det er færre kommunar i Noreg enn det var då dei blei oppretta i 1838. Illustrasjon: Per Magnus Finnanger Sandsmark/ Allkunne.no

Styring av kommunen

Lokalt sjølvstyre vil seie at kommunen sjølv har plikt eller rett til å bestemme på enkelte område. Ideen om lokalt sjølvstyre er tufta på demokratiet: at innbyggjarane skal få påverke saker som gjeld dei direkte, og kort veg mellom dei som styrer, og dei som vert styrte.

Kommunane vert styrte anten på grunnlag av formannskapsprinsippet eller etter prinsippet om parlamentarisme. Etter formannskapsprinsippet, som gjeld nesten alle kommunane i Noreg, vel innbyggjarane eit kommunestyre. Ut frå kommunestyret og den politiske samansetjinga der, vert formannskapet valt. Kommunar med inntil fem tusen innbyggjarar skal ha minst elleve representantar i kommunestyret, og dei som har fleire enn fem tusen innbyggjarar skal ha minst 43 representantar. Kommunestyret vert leidd av ein ordførar.

Ordførar Rita Ottervik i Trondheim Foto Knut Opeide Statens vegvesen CC BY SA 3.jpg?w=600

Ordførar Rita Ottervik i Trondheim opnar veg. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen CC BY SA 3.0

Oslo, Bergen og Tromsø vert styrte etter det parlamentariske prinsippet, med eit byråd som utøvande organ. Byrådet går ut frå fleirtalet i bystyret og utgjer ei slags lokal «regjering». Byrådet vert leidd av ein byrådsleiar.

Det er kommuneval kvart fjerde år, der innbyggjarane vel representantar til kommunestyret eller bystyret. Det øvste politiske vervet i kommunen er ordførarvervet.

Sjå video frå NRK Skole om kommuneval:


Kommunane kan ha lokale, rådgivande folkeavrøystingar om politiske einskildsaker. Kommunesamanslåingar, målform og ja eller nei til vinmonopol er døme på lokale saker. Ei lokal folkerøysting i Oslo i 2013 galdt spørsmålet om Oslo skulle søkje om OL i 2022. Denne folkerøystinga vekte stort engasjement.

Oppgåver og finansiering

Kommunane har ei rekkje lovpålagde oppgåver og er ein svært viktig tenesteleverandør der folk bur. Kommunen har mellom anna ansvar for primærhelseteneste, grunnskule, barnehage, lokalt vegnett, kraftforsyning, vatn, avløp og renovasjon, brannvern, arealplanlegging, miljøvern, kyrkjer og kultur. Kommunen kan òg ta på seg andre oppgåver, ut over dei lovpålagde, så lenge desse oppgåvene ikkje ligg under andre styringsnivå eller styringsorgan.

barn leikar i barnehage foto yodod cc by sa 3.jpg?w=600

Barn i uteleik i barnehagen. Foto: Yodod, flickr.com CC BY SA 3.0

Finansieringa av kommunen skjer gjennom overføringar frå staten (rammetilskot og øyremerkte tilskot) og frå lokale skattar og avgifter frå innbyggjarane og næringsverksemd i kommunen. Ein del tenester vert utførte av interkommunale selskap og private føretak.

Kommunen vert kontrollert av staten gjennom departementa og Fylkesmannen på ulike måtar. Kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse, vert sette under statleg kontroll, på den såkalla ROBEK-lista («Register om betinget godkjenning og kontroll»). Å stå på ROBEK-lista inneber at kommunen må ha godkjenning frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar, og at budsjettvedtaka vert kontrollerte.

Nye reformer

Noreg har hatt fleire kommunereformer, med både oppdelingar, samanslåingar og nye grenser. Flest kommunar var det i 1930, då det var 747 kommunar.

Solberg-regjeringa sette i gang ei kommunereform i 2014, som enno ikkje er avslutta. Under forhandlingane i Nydalen i 2013 mellom dei fire borgarlege partia var kommunereforma den første felles satsinga dei fire partia presenterte etter valet. Ei semje mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre i februar 2017 vil gi Noreg 358 kommunar frå 1.1.2020.

Det er, og har alltid vore, politisk usemje både i Noreg og i andre land om kor mykje staten skal bestemme over kommunane, og kor mykje sjølvstende kommunane skal ha. To dilemma i det lokale sjølvstyret går mellom demokratisk nærleik og effektivitet, og mellom grad av likskap og sjølvstyre.

Det er òg usemje om storleiken på kommunane og kva oppgåver dei skal løyse.

Kjelder

Dag Jukvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999

Øyvind Østerud: Statsvitenskap. En innføring i politisk analyse. Oslo 1991

Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-28-57 [lesedato 12.5.2015]

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107?q=kommunelova [lesedato 12.5.2015]

Formannskapslovene av 1837, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Historikk/Historisk-dokumentasjon/Formannskapslovene-av-1837/ [lesedato 12.5.2015]

Kommunal- og moderniseringsdepartementet: NOU 1997: 8 Om finansiering av kommunesektoren:

https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/nou-1997-8/id140819/?docId=NOU199719970008000DDDEPIS&q=&navchap=1&ch=4 [lesedato 12.5.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Folkemengde, 1. januar 2015»: http://www.ssb.no/befolkning/statistikker/folkemengde/aar/2015-02-19?fane=tabell&sort=nummer&tabell=218730 [lesedato 12.5.2015]

Hans Petter Saxi, Oddbjørn Bukve ofl: «Parlamentarisme i norske byer og fylkeskommuner i sammenlignende perspektiv», UiN-rapport nr. 4/2014. Universitetet i Nordland: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kmd/komm/rapporter/parlamentarismeuin.pdf [lesedato 12.5.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Først publisert: 21.08.2015
Sist oppdatert: 09.03.2018