Hopp til innhold
X
Innhald

Konsesjon

Konsesjon (av latin, eigentleg ’som er innrømt’), løyve frå offentleg styresmakt til å erverve fast eigedom eller til å drive ei viss økonomisk verksemd.
Konsesjonslovgivinga er utforma med sikte på å ta hand om ei rekkje typar interesser: å forhindre ukontrollert utanlandsk oppkjøp av norske naturressursar eller næringslivsinteresser, behovet for å få i gang nye tiltak og gagnleg utbygging, ønsket om ei forsvarleg utnytting av naturressursar og fast eigedom, og behovet for kontroll med eller avgrensing av visse typar næringsverksemd.
Etter EØS-avtalen kan ein ikkje bruke konsesjonslovgivinga til å diskriminere borgarar i EØS-land. Det vil seie at desse har same rett til å kjøpe mellom anna norsk næringsverksemd som norske borgarar har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012