Hopp til innhold
X
Innhald

Konstitusjonell naudrett

Konstitusjonell naudrett, ein rett som dei øvste statsorgana i alvorlege naudssituasjonar kan ha til å setje seg ut over dei grensene som normalt gjeld for verksemda deira. Som oftast vil det vere regjeringa som i krigs- og krisesituasjonar viser til konstitusjonell naudrett som rettsgrunnlag for disposisjonane ho gjer. Slike handlingar må vere i samsvar med ånden og meininga i Grunnlova.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012