Hopp til innhold
X
Innhald

Konstitusjonell sedvanerett

Konstitusjonell sedvanerett, ein sedvanerettsregel som endrar Grunnlova eller utfyller henne på eit punkt der Grunnlova sjølv ikkje gir noko klart svar. 

Ein konstitusjonell sedvanerett kan seinare berre bli endra gjennom ny sedvanerett eller gjennom eit særskilt grunnlovsvedtak.

Mange av dei viktigaste endringane i det norske statsrettslege systemet har vorte til gjennom konstitusjonell sedvanerett, mellom anna innføringa av ei parlamentarisk styreform.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 29.07.2019