Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjesamfunn

Kyrkjesamfunn, omgrep som rettsleg er det same som det organiserte samfunnet av truande, og som religiøst sett etter kristen oppfatning er det same som Kristi lekam (Ef 1,23).
Den opphavlege kristne kyrkja er formelt splitta i mange kyrkjesamfunn med ulik organisasjon og tolking av innhaldet i den kristne trua. Slik sett skil ikkje den romersk-katolske kyrkja mellom kyrkja som rettsleg og religiøst omgrep, medan protestantismen hevdar at det er ein vesentleg skilnad på den juridiske («synlege») kyrkja og den åndelege kyrkjelyden («den usynlege kyrkja»), idet frelse berre er mogleg innanfor sistnemnde. Splittinga av kyrkjesamfunnet blir likevel ikkje oppfatta som ein motsetnad til synet om at det finst éi einaste heilag, alminneleg kyrkje.
I dei første hundreåra etter reformasjonen var den lutherske statskyrkja det einaste tillatne kyrkjesamfunnet i Noreg. Inga anna religionsutøving var tillaten. Frå 1840-åra vart statskyrkjeordninga mjuka opp. I 1842 vart påbodet i konventikkelplakaten om at religiøse samkomer berre måtte skje etter samtykkje frå soknepresten, oppheva, og i 1845 vart det lovleg å opprette frikyrkjelege samfunn, trussamfunn som er baserte på frivillig medlemskap («dissentarar»). Jødiske (mosaiske) trussamfunn vart tillatne i 1891 og unitarane i 1896.
Trudomssamfunnslova av 1969 slår fast at det er fri tilgang til å etablere og slutte seg til trussamfunn, og det er tilgang til å få trussamfunn registrerte. Vilkåret for å bli registrert er likevel at trussamfunnet ikkje ved lære eller verksemd kjem i strid med «rett og moral».
Rett til fri religionsutøving er no også fastslått i Grunnlova § 2 første ledd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012