Hopp til innhold
X
Innhald

Lege

Lege, person som har autorisasjon, lisens eller grenselisens som lege frå Helsedepartementet, jf. helsepersonellova av 1999. Rett til autorisasjon har den som har norsk medisinsk eksamen av høgare grad eller utanlandsk medisinsk eksamen som i medhald av lov er anerkjend som fagleg jamgod, som har utført praktisk teneste som Kongen gir nærare reglar om, og som har gitt skriftleg lovnad om at han/ho vil utøve legegjerninga i samsvar med det ære og samvit krev. Den som ikkje innfrir vilkåra for autorisasjon, kan av departementet få lisens som lege. Grenselisens vil si at ein offentleg lege i eit finsk eller svensk legedistrikt som grensar til Noreg, kan utøve legeverksemd i det tilgrensande norske legedistriktet utan autorisasjon eller lisens. Autorisasjon og lisens sluttar å gjelde når legen fyller 75 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012