Hopp til innhold
X
Innhald

Lokalstyret på Svalbard

Svalbard er ein del av Noreg, men er verken eit fylke eller ein kommune. Longyearbyen har eit lokalstyre som er valt for fire år, og som har ansvar for ei rekkje tenester for innbyggjarane.

Svalbard har vore ein del av Noreg sidan 1920, bestemt gjennom Svalbardtraktaten. Svalbard er verken kommune, fylke eller valdistrikt. Nordmenn som bur på Svalbard, kan røyste ved kommune- og fylkestingsvalet i kommunen dei budde i før dei kom til Svalbard.

Sysselmannen er den øvste statlege representanten på Svalbard og har om lag dei same ansvarsområda som ein fylkesmann på fastlandet, men har i tillegg politimynde og leier den lokale redningssentralen.

Sysselmannen har ansvaret for det daglege forvaltnings- og tilsynsarbeidet innanfor miljøvernsektoren på Svalbard, mellom anna områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep, forureining, ferdsel og arealplanlegging, men delegerer noko ansvar til Longyearbyen lokalstyre.

I 1971 kom Svalbardrådet, eit lokalt og politisk valt organ, som var rådgivar for styresmaktene. I 2002 vart Svalbardrådet erstatta av Longyearbyen lokalstyre, i eit arbeid for å styrkje lokaldemokratiet for innbyggjarane i Longyearbyen. Det folkevalde organet Longyearbyen lokalstyre fekk overført retten til å ta seg av mellom anna infrastruktur, samfunns- og arealplanlegging og barnehagane. Longyearbyen lokalstyre eig selskapet Bydrift Longyearbyen, som står for drifta av den tekniske infrastrukturen i Longyearbyen, mellom anna renovasjon, vatn, avløp og vegar. Longyearbyen lokalstyre er regulert gjennom Svalbardlova.

Lokalstyret og administrasjonen i Longyearbyen tek i dag ansvar for ei rekkje tenester og tilbod for innbyggjarane. Longyearbyen har utvikla seg frå eit gruvesamfunn til eit moderne familiesamfunn, med skular, barnehagar, sjukehus, kyrkje, universitetssenter, butikkar, restaurantar og eit rikt kulturliv. Det er om lag to tusen innbyggjarar i Longyearbyen, med førti nasjonalitetar representerte, sjølv om dei fleste er nordmenn.

Lokalstyret er direkte valt av innbyggjarane, og det er val kvart fjerde år, som ved kommuneval på fastlandet, men valdagen vert lagd etter kommune- og fylkestingsvalet.

For å kunne røyste ved lokalvalet i Longyearbyen må du vere fylt 16 år i valåret (prøveordning), vere norsk statsborgar og seinast innan fire veker før valdagen vere folkeregistrert i Longyearbyen. I tillegg kan desse røyste: utanlandske statsborgarar som har vore registrerte som busette i Longyearbyen eller har stått innført i folkeregisteret som busette i ein kommune i Noreg dei siste tre åra før valdagen, eller er registrerte med ei samanlagd butid på tre år i Longyearbyen eller ein kommune i Noreg dei tre siste åra før valdagen. Også statsborgarar i andre nordisk land som er innførte i folkeregisteret som busette i Longyearbyen, har røysterett.

Longyearbyen lokalstyre har femten medlemmer, som vert valde ved direkte val for fire år om gongen. Lokalstyret vel så eit administrasjonsutval på fem medlemmer, som sit i same valperioden som lokalstyret. Administrasjonen er styrt av ein administrasjonssjef, tilsvarande ein rådmann, som er tilsett på åremål i seks år.

Lokalstyreleiaren er den øvste politisk tillitsvalde. Christin Kristoffersen (Ap) har vore lokalstyreleiar sidan 2011. Kjerstin Askholt er sysselmann frå 15. september 2015.

Kjelder

Longyearbyen lokalstyre: «Ny organisasjonsmodell»: http://www.lokalstyre.no/ny-organisasjonsmodell.5357645-255801.html [lesedato 29.5.2015]

Longyearbyen lokalstyre: «Lokalstyrevalget 2015»: http://www.lokalstyre.no/lokalstyrevalget-2015.5730792-347088.html [lesedato 1.6.2015]

Sysselmannen på Svalbard: «Bosetninger på Svalbard»: http://sysselmannen.no/Toppmeny/Om-Svalbard/Bosetninger/ [lesedato 29.5.2015]

«Lov om Svalbard» (Svalbardlova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1925-07-17-11 [lesedato 1.6.2015]

«Ny sysselmann på Svalbard», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/ny-sysselmann-pa-svalbard/id2414098/ [lesedato 10.6.2015]

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 05.09.2018