Hopp til innhold
X
Innhald

Lovføresegn

Lovføresegn eller anordning, nemning på lover som var gitte av dei dansk-norske eineveldige kongane. Ei provisorisk lov (bokmål anordning) er ei lov som er gitt av Kongen i medhald av Grunnlova § 17. Provisoriske lover kan berre bli gitte på visse område av samfunnslivet. I vår tid er dei mest brukte i samband med innføring av tvungen lønsnemnd. Dei kan berre bli gitte når Stortinget ikkje er samla, og dei må ikkje stride mot vanleg lov.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012