Hopp til innhold
X
Innhald

Lukkespel

Lukkespel eller hasardspel, spel der utfallet for ein vesentleg del er avhengig av tilfellet og ikkje av dugleiken til spelarane. Lukkespel vil til dels kome inn under reglane i lotterilova, og elles gjeld det eit generelt forbod mot å gjere seg næring av lukkespel som ikkje er tillatne ved lov, eller å lokke andre til det. Lukkespel er i straffelova definert som spel om pengar eller pengeverdiar der «det vindesyge Øiemed fremtræder som det fremherskende» på grunn av typen spel eller storleiken på innsatsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012