Hopp til innhold
X
Innhald

Marknadsrådet

Marknadsrådet, forvaltningsorgan som vart oppretta i 1972. Det er samansett av ni medlemmer som er oppnemnde av Kongen. Rådet skal saman med Forbrukarombodet medverke ved handhevinga av forboda i marknadsføringslova mot mellom anna villeiande, utilstrekkeleg eller av andre grunnar urimeleg marknadsføring.
Når Forbrukarombodet ikkje kan kome til minneleg ordning med ein næringsdrivande, blir saka ført inn for Marknadsrådet. Det er straffbart å ikkje rette seg etter vedtak som er gjorde av Marknadsrådet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012