Hopp til innhold
X
Innhald

Mekling

Mekling, framgangsmåte som er i bruk på fleire saksområde innan jus. I tvistemål skal ein som regel ha forsøkt mekling før ein kan føre saka inn for retten, jamfør forliksråd.
I separasjons- og skilsmissesaker skal ektefellar som har barn under 16 år møte til mekling før saka blir ført inn for retten eller fylkesmannen. Meklinga tek her sikte på å kome fram til ein avtale om foreldreansvar, samværsrett med meir, jamfør ekteskapslova av 1991.
For mekling i kollektive arbeidstvistar er det oppnemnt ein riksmeklingsmann og fleire krinsmeklingsmenn, jamfør arbeidstvistlova av 1927. Mekling i konfliktråd, jamfør lov av 1991, finn stad med ein uavhengig meklar som er oppnemnd av kommunen. Dette er særleg aktuelt overfor førstegongskriminelle i straffesaker, men rådet kan også handsame andre saker. Mekling krev samtykkje frå partane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012