Hopp til innhold
X
Innhald

Mindreårig

Mindreårig, juridisk omgrep for den som er under 18 år og difor umyndig. Som hovudregel handlar verja på vegne av den mindreårige i formuerettslege saker. Eit unntak frå dette er den mindreårige sin disposisjon over midlar han har tent ved eiga verksemd etter fylte 15 år, eller som han har fått til eigen disposisjon. Sjå elles myndig, umyndig, kriminell lågalder og seksuell lågalder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012