Hopp til innhold
X
Innhald

Ministeransvar

Ministeransvar, særtrekk ved den konstitusjonelle og parlamentariske statsskikken. I norsk statsrett har statsrådane både eit konstitusjonelt og eit parlamentarisk ansvar. Kongen er personleg ansvarsfri, ettersom ansvaret ligg på statsrådane hans. Dei er ansvarlege for alle vedtak i statsrådet, med mindre dei med reine ord har protestert og dette er ført i protokollen. Det konstitusjonelle ansvaret til statsrådane omfattar også arbeidet deira som departementssjefar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012