Hopp til innhold
X
Innhald

Naborett

Naborett, rettsreglar om forholdet mellom naboar. Den viktigaste lova er grannelova av 1961, som mellom anna fastset forbod mot å «ha, gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom». Ved vurderinga av kva som er rimeleg, skal ein ta omsyn til om tiltaket er venteleg etter forholda på staden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012