Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Lovtidend

Norsk Lovtidend, kunngjeringsblad som blir gitt ut for offentleg rekning i medhald av lov om Norsk Lovtidend av 1969. Bladet skal innehalde a) grunnlovføresegner, b) lover og vedtak om når lover skal tre i kraft, når dei skal bli oppheva og kva verkeområde dei skal ha, c) provisoriske lover, d) skattevedtak frå Stortinget, og e) det som det elles er påbode at ein skal kunngjere på denne måten ved lov eller med heimel i lov – først og fremst alle forskrifter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012