Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Pasientskadeerstatning

Norsk Pasientskadeerstatning (NPE), statleg forvaltningsorgan som vart oppretta 1. januar 2003, og som ligg under Helsedepartementet. Det handsamar erstatningskrav som er knytte til skadar som har oppstått under behandling på offentleg sjukehus og poliklinikk, kommunal legeteneste og legevakt, tannhelsetenesta, kommunal sjukeheim og andre helseinstitusjonar samt privatpraktiserande spesialistar som har avtale med det offentlege. Dette gjeld også privat verksemd som er basert på drifts- eller basistilskot slik fastlegeordninga inneber.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012