OPS er ein måte å finansiere offentlege utbyggingsprosjekt på, der private aktørar får mykje ansvar. Finansieringsmodellen er omstridd.
Faktaboks
- Også kjend som
-
PPP (Public-Private Partnership)
OPS står for offentleg-privat samarbeid. Det er ein finansieringsmodell der stat eller kommune gir ein privat aktør ansvar for bygging, drift og vedlikehald av offentlege bygg eller infrastruktur. Private selskap får lange kontraktar, og den offentlege aktøren må betale ned oppdraget i årlege summar, gjerne over 20–40 år. Den private aktøren må sjølv sørgje for finansiering av prosjektet. Det skjer ofte ved at han må ta opp store lån, som regel til ei dårlegare rente enn det staten eller ein kommune kunne ha fått for tilsvarande lån.
Dei første tre OPS-prosjekta i Noreg vart vedtekne av Stortinget i 2001. Det var vegutbygging på strekningane E39 Klett – Bårdshaug, E39 Lyngdal – Flekkefjord og E18 Grimstad – Kristiansand. Prosjekta er ferdigstilte, og fleire har kome til. Kristiansand kommune har til dømes i ettertid hatt to byggjeprosjekt i andre sektorar som er finansiert gjennom OPS. Aktivitetssenteret Aquarama, med badeland og klatrevegg, stod klart i 2013, og Justvik skole, også bygd gjennom OPS, stod ferdig i 2018.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.