Hopp til innhold
X
Innhald

Økonomisk sone

Økonomisk sone, nemning på området utanfor sjøterritoriet til eit land og ut til 200 nautiske mil rekna frå grunnlinja. Prinsippet om 200 mils økonomisk sone fekk gjennombrot under FN sin havrettskonferanse i Genève i 1975. I økonomisk sone har kyststaten førsterett til ressursane både i havet (i første rekkje fisk), på havbotnen og i undergrunnen (mineral, olje og gass). Skipsfarten føreset ein derimot at skal vere fri.
Noreg etablerte den økonomiske sona si ved lov av 1976, som først og fremst tek sikte på å regulere fiske og fangst. Ved Svalbard gjeld inntil vidare berre ei ikkje-diskriminerande fiskevernsone.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012