Hopp til innhold
X
Innhald

Oppløysingsrett

Oppløysingsrett, opphavleg ein rett statsoverhovudet hadde til å oppløyse det folkevalde organet og sende representantane heim, utan at det var nødvendig å velje nye i deira stad. I våre dagar er hovudføremålet med oppløysingsretten å kunne skrive ut nyval før den ordinære valperioden er ute. Det mest vanlege er at oppløysingsretten, som eit ledd i den parlamentariske styreforma, har gått over til regjeringa.
 
Oppløysingsrett er i ei eller anna form innført i dei aller fleste landa med folkevalde forsamlingar, med unntak av USA, dei fleste statane i Mellom- og Sør-Amerika, Sveits og Noreg.
 
Spørsmålet om å innføre oppløysingsrett i Noreg har vore greidd ut og debattert fleire gonger, men Stortinget har forkasta alle forslag i retning av dette.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012