Hopp til innhold
Tidlegare ordfører i Bergen kommune, Trude Drevland (2011–15). Foto: Kommunesektorens organisasjon, Flickr.com CC BY 2.0.
Tidlegare ordfører i Bergen kommune, Trude Drevland (2011–15). Foto: Kommunesektorens organisasjon, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Ordførar

Ordføraren er den politiske valde leiaren av ein kommune. Han er kommunen sin rettslege representant og leier kommunestyremøta.

Ordføraren er den fremste folkevalde i norske kommunar. Det er medlemene i kommunestyret som avgjer kven som skal vere ordførar. Ordføraren blir vald for ein periode på fire år. I kommunar som blir styrte etter formannskapsmodellen, skal ordføraren veljast blant medlemene i formannskapet. I kommunar med parlamentarisk styreform kan ordføraren veljast blant medlemene i heile kommunestyret.

Ordføraren har som oppgåve å leie møta i kommunestyret og formannskapet og å representere kommunen i ulike samanhengar. Han eller ho er kommunen sin rettslege representant og skriv under på kommunen sine vegner når denne fullmakta ikkje er tildelt andre. Dersom ordføraren etter søknad får fritak frå vervet, må det veljast ein ny. Når dette skjer på mellombels basis, går varaordføraren inn i stillinga. Ein varaordførar blir vald samstundes med ordføraren.

Ordførarane arbeider for det meste på fulltid og legg premissane for mange saker. Det blir rekna for å vere eit prestisjetungt verv. Over mange år har det vore etterlyst større kjønnsbalanse i rekrutteringa til vervet. Etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015 var berre 28 prosent av ordførarane kvinner. Dette var ein auke på 6 prosentpoeng i høve til den førre perioden.

Det er gjort forsøk med direkteval av ordførar i mange norske kommunar. I 2007 var i alt 50 kommunar med i slike forsøk. Seinare har ikkje denne ordninga vorte praktisert.

Kjelder

Ragnhild Heyerdahl: «Kjønnsubalansen», frifagbevegelse.no, publisert 21.4.2015: http://frifagbevegelse.no/artikkel-6.158.240481.9e837738ba [lesedato 8.4.2016]

Kommunal og regionaldepartementet: «Ordførerforsøkene», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/krd/tema-og-redaksjonelt-innhold/redaksjonelle-artikler/2007/ordforerforsokene-2/id462118/ [lesedato 13.4.2016]

Lovdata: Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven): https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-09-25-107#KAPITTEL_2 [lesedato 8.4.2016]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», ssb.no: https://www.ssb.no/valg/statistikker/kommvalgform/hvert-4-aar-representanter/2016-01-28 [lesedato 8.4.2016]

Store norske leksikon: «Ordfører», snl.no: https://snl.no/ordf%C3%B8rer [lesedato 8.4.2016]

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 01.03.2018