Hopp til innhold
X
Innhald

Pasientrettar

Pasientrettar, saksområde som er regulert i «lov om pasientrettigheter» av 1999. Denne skal bidra til å sikre folkesetnaden lik tilgang på helsehjelp av god kvalitet ved å gi pasientane rettar overfor helsetenesta. Lova fastset mellom anna at alle har rett til omgåande hjelp, at pasienten har rett til informasjon om helsetilstanden sin, at helsehjelp som hovudregel berre kan bli gitt med samtykkje frå pasienten, og at pasienten har rett til innsyn i journalen sin. Ho fastset også at alle fylkeskommunar skal ha eit pasientombod som skal ha tilsyn med behova, interessene og rettstryggleiken til pasientane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012