Hopp til innhold
X
Innhald

Pasientskadeerstatning

Pasientskadeerstatning, sum som blir betalt ut til pasienten og andre som lid tap på grunn av pasientskade når skaden kjem av mellom anna teknisk svikt ved utstyr, smitte eller infeksjon som ikkje er ei følgje av tilstanden eller sjukdomen til pasienten eller vaksinasjon. Dersom det har vore svikt i ytinga av helsehjelp, skal ein få erstatning sjølv om ingen kan bli lasta. Elles skal ein få erstatning i dei tilfella der erstatningsansvaret følgjer av alminnelege erstatningsreglar. Erstatninga blir betalt ut av Norsk Pasientskadeerstatning, som får tilskot frå det offentlege. Elles er den institusjonen ein har vore behandla på, ansvarleg for å dekkje tapet. Jf. elles pasientskadelova av 2001.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012