Hopp til innhold
X
Innhald

Passasjertransport

Passasjertransport, frakt av personar med bagasjen deira til sjøs, i lufta og over land (jernbane eller landeveg). Rettsreglane for dette finn ein i mellom anna sjølova, luftfartslova og jernbaneansvarslova. Sentralt i reguleringa står passasjeransvaret, det vil seie reglane om erstatningsansvar ved tap av liv eller personskade. Ansvarsvilkåra og reglane om utrekning av erstatning varierer med transporttypen.
 
Ved sjøtransport gjeld det ansvar med beløpsavgrensing dersom ein har vist skuld, og ved luft- og jernbanetransport gjeld det reglar om tilnærma objektivt ansvar, dvs. ansvar utan omsyn til vist skuld på skadevaldaren si side. Ved jernbanetransport har ansvaret inga beløpsgrense for personskade, medan norske luftfartsføretak på si side har eit avgrensa ansvar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012