Hopp til innhold
X
Innhald

Patentstyret

Patentstyret (eigentleg Styret for det industrielle rettsvernet), organ som vart oppretta ved lov av 1910 for å avgjere søknader om industrielt rettsvern (patent), og elles andre saker som er lagde til det gjennom særskild lov, dvs. patentlova av 1967, varemerkelova av 1961, fellesmerkelova av 1961 og mønsterlova av 1970. Patentstyret er delt i to avdelingar, slik at 2. avdeling fungerer som klageinstans for vedtak som er gjorde av 1. avdeling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012