Hopp til innhold
X
Innhald

Personalunion

Personalunion, folkerettsleg nemning på samband mellom to eller fleire sjølvstendige statar. Det omfattar berre felles statsoverhovud og har kome i stand som ei tilfeldig følgje av tronfølgjereglane i det aktuelle landet, og ikkje gjennom semje.
 
Døme på personalunionar er sambanda mellom Storbritannia og Hannover i åra 1714–1837 og mellom Nederland og Luxembourg i åra 1815–90. Sjå elles realunion og statssamband.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012