Hopp til innhold
X
Innhald

Personopplysningar

Personopplysningar, saksområde som er regulert i «lov om personopplysninger» av 2000. Lova har som føremål å verne den enkelte mot at personvernet blir krenkt gjennom handsaming av personopplysningar. Personopplysningar er i lova definert som opplysningar og vurderingar som ein kan knyte til ein enkeltperson. Lova inneheld strenge reglar for handsaming av personopplysningar.
 
Reglane for handsaming av sensitive personopplysningar er særleg strenge. Desse er etter lova opplysningar om etnisk bakgrunn, om politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, om ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, om helseforhold og seksuelle forhold, og om medlemskap i fagforeiningar.
 
Datatilsynet er det organet som først og fremst handhevar «lov om personopplysninger».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.06.2012
Sist oppdatert: 25.06.2012