Hopp til innhold
X
Innhald

Primærhelseteneste

Primærhelseteneste, helseteneste utanfor sjukehus eller tilsvarande institusjon. Helsetenesta i kommunane vart organisert ved lov av 1982 som tredde i kraft i 1984.
 
Lova gjev pålegg til kommunane i landet om å sørgje for nødvendig helseteneste for alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen.
 
Den kommunale helsetenesta omfattar offentleg organisert helseteneste som ikkje høyrer under stat eller fylkeskommune, samt privat helseverksemd som blir driven i samsvar med avtale med kommunen, og ho skal omfatte desse oppgåvene: 1. Fremjing av helse og førebygging av sjukdom, skade eller lyte ved tiltak som organisert helserådsteneste, helsestasjonsverksemd, helseteneste på skular og opplysningsverksemd. 2. Diagnose og behandling av sjukdom, skade eller lyte. 3. Medisinsk attføring. 4. Pleie og omsorg utanfor helseinstitusjon.
 
For å løyse desse oppgåvene skal kommunen sørgje for desse deltenestene: allmennlegeteneste (medrekna legevaktordning), fysioterapiteneste, sjukepleie (medrekna helsesysterteneste) og heimesjukepleie.
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012