Hopp til innhold
X
Innhald

Prise

Prise (av fransk prendre, ’ta’), i folkeretten ei nemning på eit fiendtleg eller nøytralt handelsskip. Fiendtlege handelsskip er god prise uansett kva slags last dei fører, dvs. at det er lovleg å leggje beslag på skip og last. Tilsvarande gjeld det for nøytrale skip når dei fører krigskontrabande eller forsøkjer å bryte blokade.
 
Det er ein prisedomstol som skal avgjere om eit aktuelt skip er god prise eller ikkje, og skipet kan anten bli prisedømt eller frigitt.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012