Hopp til innhold

Psykisk helsevern

Psykisk helsevern, område innanfor helsetenestene. Lova skil mellom frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Psykisk helsevern, område innanfor helsetenestene. Lov om psykisk helsevern frå 1999 tek sikte på at psykisk helsevern skjer på ein forsvarleg måte, i samsvar med grunnleggjande prinsipp for rettstryggleik, med utgangspunkt i pasienten sitt behov og med respekt for pasienten sitt menneskeverd.
 
Lova skil mellom frivillig og tvunge psykisk helsevern. Den som har fylt 16 år, kan bli teken under frivillig psykisk helsevern på grunnlag av eige samtykkje. Er pasienten under 16 år, er samtykkje frå den eller dei som har foreldreansvaret påkravd.
 
Tvunge psykisk helsevern inneber at pasienten blir halden i institusjon mot sin vilje, om nødvendig med tvang. Tvunge psykisk helsevern kan bli brukt overfor ein person med alvorleg sinnsliding dersom dette er nødvendig for å hindre at vedkomande på grunn av sinnslidinga anten a) får utsikta til læking eller vesentleg betring i betydeleg grad redusert, eller det er stort sannsyn for at vedkomande i svært nær framtid får tilstanden vesentleg forverra; eller b) utgjer ein nærliggjande og alvorleg fare for liv eller helse hos seg sjølv eller andre.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 28.06.2012