Hopp til innhold
X
Innhald

Religionsfridom

Religionsfridom, retten til personleg trusfridom og til å utøve den religionen ein vedkjenner seg. Religionsfridom er direkte nemnt i ei rekkje grunnlover og menneskerettsfråsegner.
Grunnlova § 2, som fastset at den evangelisk-lutherske religionen skal vere den offisielle religionen i staten, hadde opphavleg forbod retta mot jødar (oppheva i 1851), munkeordenar (oppheva i 1897) og jesuittar (oppheva i 1956). I 1964 fekk Grunnlova § 2 eit nytt første ledd: «Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsøvelse.»
Religionsfridom er gitt strafferettsleg vern i straffelova § 142, som fastset straff for den som offentleg hånar eller viser vanakt for noka trusvedkjenning som er tillaten i Noreg (blasfemi). Vidare vernar § 135a mot diskriminerande offentleg omtale på grunn av trusvedkjenning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012