Hopp til innhold
X
Innhald

Retten til arbeid

Retten til arbeid, sosialpolitisk slagord som har opphav i Frankrike på byrjinga av 1800-talet. Det var forma som eit krav om at samfunnet skulle sørgje for at alle arbeidsvillige menneske kunne få inntekt gjennom arbeid. Artikkel 23 i FN si menneskerettsfråsegn av 10. desember 1948 slår mellom anna fast at alle har rett til arbeid og til å bli verna mot arbeidsløyse. Den norske Grunnlova fekk i 1954 ein ny regel (§ 110) der styresmaktene blir pålagde «at lægge Forholdene til Rette for at ethvert arbeidsdyktigt Menneske kan skaffe sig Udkomme ved sit Arbeide». Paragrafen vart medvite formulert berre som ei programerklæring, og han gir difor ingen juridiske rettar til private borgarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012