Hopp til innhold
X
Innhald

Samarbeidsavtalen

Samarbeidsavtalen, avtale mellom LO og NHO (del B i Hovudavtalen) som vart oppretta i 1966. Han gjeld for alle tilsette og gjev reglar om bedriftsutval (som er obligatorisk for bedrifter med minst 100 tilsette), årlege informasjonsmøte for dei tilsette, forutan konsernutval. Dei nemnde samarbeidsorgana har krav på orienterande og fortrulege kunngjeringar frå leiinga i bedrifta om økonomiske og produksjonsmessige forhold, men har inga avgjerdsmakt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012