Hopp til innhold
X
Innhald

Sanksjoner

Sanksjonar, tvangsmidlar. I folkeretten blir omgrepet brukt om tiltak som er sette i verk av éin eller fleire statar mot ein annan for å tvinge han til å overhalde dei folkerettslege forpliktingane sine (til dømes sanksjonane mot Sør-Afrika under apartheidregimet).
I strafferetten er omgrepet ei fellesneming for straff (fengsel eller bot) og andre forholdsreglar (til dømes inndraging eller sikring) mot lovbrot.
Reaksjonar er eit synonym til dette. Å sanksjonere vil anten seie å godkjenne eller stadfeste, eller å utøve straffetiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012