Hopp til innhold
X
Innhald

Sesjon

Sesjon (av latin sedere, ’sitje’), omgrep som vanlegvis blir brukt i to tydingar. Den første viser til den tida ei representativ forsamling, nasjonalforsamling, domstol e.l. sit saman. Den andre viser til eit militært utskrivingsmøte for rekruttar. På sesjon blir dei utskrivingspliktige klassifiserte etter tenesteevne og andre føresetnader for teneste i forsvaret.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012