Hopp til innhold
X
Innhald

Sivil tenesteplikt

Sivil tenesteplikt, var fram til 1.6.2012 plikta den som vart friteken for militærteneste av overtydingsgrunnar, skulle avtene. Den sivile tenesteplikta skulle vere av same lengd som førstegangstenesta i hæren, med eit tillegg som var fastsett av regjeringa. Tenesta var av sivil karakter og stod under sivil leiing, og var utan samband med militær verksemd. Sivil tenesteplikt vart ofte avtent i helse- og sosialsektoren, ved forskingsinstitusjonar og i religiøse og humanitære organisasjonar.

Sivil tenesteplikt vart avvikla 1.6.2012, etter at Stortinget vedtok endringar i millitærnektarlova. Endringane inneber at den sivile verneplikta som alternativ til den millitære, vart avvikla. Det er framleis mogleg å søkje fritak frå verneplikta. Personar med pasifistisk overtyding har rett til å nekte millitærteneste, men kan no ikkje lenger påleggjast sivil verneplikt.
Kjelder
«Endringer i lov om fritaking for militærtjeneste av overbevisningsgrunner», stortinget.no, http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Saker/Sak/?p=51440 [lesedato 13.12.2012]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013