Skuledemokrati er eit prinsipp som inneber at alle som har tilknyting til ein skule, det vil seie elevar, lærarar, anna skulepersonale og foreldre, skal ha høve til å påverke i tillegg til den daglege leiaren ved skulen og dei overordna skulestyresmaktene.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål skoledemokrati

Skuledemokratiet skal sikre at elevar, foreldre og tilsette i skulen skal ha høve til å påverke skulekvardagen. Alle skular skal ha eit samarbeidsutval.

I den vidaregåande skulen har elevar, lærarar og andre tilsette kvart sitt råd som handsamar og uttaler seg i saker som gjeld kvar gruppe. Det øvste organet ved skulen, skuleutvalet, er samansett gjennom representasjon frå desse tre gruppene samt representantar som er valde av fylkesskulestyret.

I grunnskulen skal det vere lærarråd og foreldreråd, og ein kan opprette råd for andre tilsette. Skular på ungdomstrinnet (8.–10. klasse) skal ha elevråd, og barneskular skal ha elevråd for klassetrinna 5–7. Det skal dessutan finnast eit samarbeidsutval for kvar skule.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg