Hopp til innhold
X
Innhald

Slam

Slam, gjørme, dy eller faste partiklar i vatn. Ein slamavskiljar, tidlegare kalla septiktank, har til oppgåve å fjerne faste partiklar i kloakkvatn før dette anten blir leidd ut i grunnen (infiltrering) eller blir sleppt ut i vassdrag eller sjø. Slamavskiljarar blir mellom anna brukte for kloakkutslepp frå spreidde bustad- og fritidsbygg. Det ligg til kommunen å sørgje for tømming.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012