Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialhjelp

Sosialhjelp, eit ledd i dei sosiale ytingane og hjelpetiltaka som kommunane yter etter sosialtenestelova av 1991. Sosialhjelp blir gitt til dei som ikkje er i stand til sjølv å sørgje for livsopphald eller ha omsorg for seg sjølv. Dei viktigaste formene for sosialhjelp er tilbod om plass på institusjon og økonomisk bistand i form av bidrag, lån, garanti for lån, eller varer og tenester.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.04.2012
Sist oppdatert: 16.04.2012